Kan spørjeteikn utelatast i sitat?
Kan spørjeteiknet sløyfast etter spørsmålet i ei formulering som «Kven er denne Aasen, spurde Knudsen»?
Svar
Spørjeteiknet skal ikkje utelatast i slike sitat.
Vi sløyfar ikkje spørjeteiknet sjølv om verbet etter sitatet gjer det klart at det er eit spørsmål. I eksempelet ditt kan det gjerast på desse to måtane:
«Kven er denne Aasen?» spurde Knudsen.
eller
– Kven er denne Aasen? spurde Knudsen.
Merk at det ikkje skal vere komma mellom spørjeteiknet og utsegnsverbet.
Les meir om bruk av hermeteikn på nettsidene til Språkrådet her.